Rangers of the North

S01E02 - Skirmish at Weathertop

Der våre heltar i eit kappløp med tida må nå Weathertop før Helvorn blir overfalt av orkar.

Feredir og Salabon gjekk med på å følgje karavana til Bree.
Utanfor landsbyen heldt dei orken fanga i eit nedlagt gardsbruk, medan Feredir tok av stad til Helvorn for ordre.

Helvorn bad han gjere ferdig med orken, han sjølv var på veg til Weathertop for å møte nokon (han sa ikkje kven, berre at det var “ranger business”). Uvitande om at Salabon dekoda orkane sine ordre, og oppdaga at Helvorn ville bli offer for snikåtak på Weathertop, drog så Feredir til innom skinnhandlaren, og så hestehandlaren. Her traff Feredir igjen Baran, i same ærend. Sjølv om han tilbaud Baran hjelp til å velje hest, takka denne nei. Feredir gjorde handel, og reid ut på sin nye følgjesven – Dusk.

Etter å ha returnert til Salabon, og lært om planane på Helvorn sitt liv (Salabon sa derimot ikkje korleis han fann ut informasjonen), gjorde dei kål på orken, og sette av garde for å redda Helvorn. Tanken var å be Baran og alven Elrohir til å følgje dei. Alle først drog dei til King’s Rest Inn, der Baran befant seg, men då ein småfull Baran prøvde å forhandla om pris, vart Feredir motbydd av han – for å setja eigen forteneste framfor livet til ein ærbar mann, og å slå attende mot Fienden – og forlot vertshuset.
Dei traff Bragol, som ønskte å hjelpa, og som bad om å få sjansen til å overtyda Baran.

Dei kom fram til Weathertop i siste liten, og etter å ha luska fram til orkane sin leir kunne Feredir konstantera at dei var klar for åtak. Ved hjelp av Feredir si tamme ugle NPC Dúheneb fekk dei kommunisert med Helvorn, som dei lokaliserte ved ein skråning på nordvestsida av Weathertop.

Dei la seg i bakhald for orkane, og gjekk til åtak i det orkane overfalt Helvorn.

Feredir, Salabon og Helvorn vart alle såra i åtaket, mest Helvorn, som stod i fare for å miste handa. Men Feredir laga eit omslag av Siriena-urt, som redda handa midlertidig. Berre éin stad ville dei kunne redda Helvorn – Rivendell.

Bragol og Feredir fekk tak i hestar, og så reid gruppa av stad mot den einaste fristaden i Nord.

Comments

Hjarandr jbq

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.