Rangers of the North

S01E21 - In the Dark

Der våre heltar vert fanga i ein bokstaveleg tala heitt stad!

Gjengen barrikaderer seg i dei to øvste romma i tårnet, medan styrkene nedanfor visar seg å inkludere magikarar, som går til verks for å få kål på intrengarane i tårnet. Eit stummande, magisk mørkre legg seg, som gjer samtlege temmeleg nervøse, og i tillegg vert golvet i andre etasje glovarmt, så varmt at det er umogleg å stå der. Gode råd er dyre, og Bragol bestemmer seg for å handle. Han snik seg ut vindauget med hjelp frå Feredir. Sistnevnte er overhovud ikkje klar over at alven har kasta magi, og han slepp seg ned på kringvernet, og landar utan ei skramme. Han kjem seg ut av mørkret, og må handskast med magikere. Dette gjer han ved å rulle ned av muren, for så å levitere opp og skyte på han med boge. Etter ei stund byrjer dei andre å få panikk oppe i tårnet, og risikerer alt ved å kaste ut eit tau og klarte ut vindauget og ned bak slottet. Heldigvis er dei trygge! Styrkene i slottet oppfattar kva som skjer, og sender ut tropper for å ta seg av rømlingane, men då dukkar Baran og dei raude lansene opp!

Kampen er kort, men det er mykje arbeid å ta seg av. Bragol er seriøst forbrent, og må behandlast med urter; Salabon og Feredir samarbeider og hjelper han, men han må framleis ha meir hjelp. Salabon gjer han nokre soveurter, og han er ute resten av episoden.

Det tek lang tid å katalogisere og utforske slottet og tunnelen. Tunnelen visar seg å vere ein utgravd gang under Mitheithel. Feredir blir bleik i det han innser at det er nettopp denne elva som står mellom fienden og invasjon av Arthedain og Bree-land. Dei einaste vegane inn er Last Bridge, Fennas Drunin, og Tharbad, men ein snarveg under elva kunne vore katastrofe.

Dei finn tydelege spor etter onde krefter, mellom anna ei trone, og kennel for vargar. I tillegg finn dei mangfoldige slavar, som dei overgjev til Dei raude lansene for å ta seg av og hjelpe. Inne i sjølve slottet vert dei overrumpla av ein necromancer, og før dei klarar å ta knekken på han gjer han Baran døv med magi! I necromancerens rom møter dei sitt bokstaveleg jævligste syn; drøssevis av daude kroppar i ulike stadier av dekomposisjon, heilt tydeleg brukt i onde ritualer. Dei andre klarar knapt å vere i rommet, og nesten alle spyr, men Salabon finn ein morbid fascinasjon ved dette. Han finn óg ei bok om Necromancy han diskré pakkar vekk…

Innanfor det grufulle rommet oppdagar dei ein ENORM skatt. Dette er det gamle skattkammeret frå den gongen Minas Brethil var hovudstad, nok til eit heilt lite kongerike, nok til å hjelpe The Angle attende på beina.

Med oppdrag utført gjeld det å prioritere rett. Fleire av medlemmane i gruppa treng lækjarhjelp som ein berre kan få i Rivendell, men dei har noko uoppgjort i Fennas Drunin: The Sandserpent er framleis på frifot… Kan Salabon reise aleine til Rivendell med tre pasientar, gjennom livsfarlege område, medan Jack og Feredir dreg til Drunin for å knyte opp dei lause trådane?

Comments

Hjarandr jbq

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.