Rangers of the North

S01E05 - Goblins in the Mists

Der våre heltar kjem seg etter tumultene med vandaude og oppdagar eit orkefort i myrane.

Gruppa brukte litt tid på å kome seg til hektene att etter slaget ved det gløymde fortet i Midgewater Marshes (og telja alt lootet). Dei delte byttet i fem, der ein femte, litt større del det semjast om skulle gå til Ferdamennene sin sak.

Huntsman, the og Bragol fann kursen att, og dei fire kompanjongane fortsette ferda mot Emyn Sûl og røvarane si smuglarhole. Dei søkte ut den nordlegaste straumen inn i myrene, og brukte denne til å navigere seg mot Weather Hills.

Men eit godt stykke inn, ikkje langt frå sjølve Smuglarvegen, kom dei over ein provisorisk fortifikasjon, og dei kjende stanken av goblinfolk.

Rett var det, ein utpost med ei skjult og isolert orkestamme, utvilsamt dei det hadde gått rykte om. Gruppa konfererte, og skjøna raskt at her var det ikkje nokon vits i å gå til åtak; Feredir anslo ein stad mellom 30 og 70 orkar i fortet. Gruppa vart difor einige i å dra vidare på oppdraget dei hadde fått, nemleg å følgja Smuglarvegen og sjå at den var trygg. Feredir seier at her må dei koma attende med heile røvarbanden for å ha sjanse på å driva bandittane ut.

Salabon foreslår at dette kan vere ein måte for røvarane å vinna amnesti – om dei risikerer liva sine for å beskytta Bree-land, og dermed løysa problemet med korleis stogga bandittaktiviteten utan å drepe eller arrestera røvarane, men heller integrera dei.

Dei fire dreg vidare, og kjem til slutt til den anviste lokasjonen i Weather Hills. Her brukar dei tid på å kvile ut og vaske vekk skiten frå myrene, før dei vel å dra om Chetwood heimatt i staden for å dra gjennom Midgewater Marshes nok ein gong.

Comments

Hjarandr jbq

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.