Rangers of the North

S01E20 - Darkness at Minas Brethil, pt. 2

Der våre heltar må mønstre ein halsbrekkjande redningsoperasjon i ondskapens leir...

Feredir oppdagar raskt spor, men dei er metodiske og profesjonelle: her er dei ein ferdamannsmeister på ferde!

Dei legg beina på nakken, og ser snart ei lita gruppe frakte Salabon mot porten til borggarden. Gode råd er dyre; dei kan ikkje gå til åtak utan å bli oppdaga av styrkene utanfor festningsverket. I staden tek dei seg rundt slottet, og over muren.

Samstundes vaknar Salabon bunde fast og hengt opp i taket i tårnet. Han fresar og brukar sitt dominerande nærvær til å overtyde fangevaktaren sin om at han eigentleg er ein av dei, og at vedkomande som har gjort denne tabben vil betale dyrt. Det lukkast, og ein orsakande, svartkledd form slepp han ned, og er straks på veg ut døra etter leiaren sin.

I mellomtida har dei fire andre kome seg inn, og fram til døra ved tårnet. Dei høyrer nokon løpe nedover, og ser sitt snitt til å løpe opp, i håp om at dei held Salabon her. Beoraborn oppdagar over eit snes hestar, og vert att for å sale opp fem til ein kort retrett. I andre etasje kjem dei over vapenlageret, og ein etasje til gjev dei ei låst dør (kort arbeid for Middle-Finger). På den andre sida sit Salabon i ei svart kutte med sølvknappar. Bragol, som mistenkjer at det er ein spion blant ferdamennene, blir straks mistruisk, og Feredir forlangar å få vite kva dette er for taskenspeleri, og Salabon klarar å overtyde dei om at han berre speler eit spel, og at det er best dei speler med. Dei skjular seg raskt for bakhaldsangrep; sjefen er på veg opp!

Beoraborn høyrer nokon ta seg opp trappa innanfor døra, og bestemmer seg for å snike seg opp etter dei. Diverre er ikkje den røslege beijibaren nokon småfugl, og planen dei fire andre la går i vasken i dét fiendane vender nedatt for å undersøkje. Beoraborn har ikkje anna val enn å gå i kamp med ein svær, langhåra og værbiten krigar, medan i andre etasje slår døra opp, og ein kappekledd fyr kjem inn. Feredir hoppar ut, og slår han i svime. Dei bind, blindar og kneblar han, medan Bragol hiv seg nedover trappa for å hjelpe Beoraborn før det er for seint. “Ta han i live!” ropar han i dét han prøver å slå krigaren i svime bakfrå, men ikkje lukkast

Men den store krigaren er for mykje for dei to å overrumple, og snart høyrer dei rop og lyden av føter, og Beoraborn har ikkje anna val enn å gje han eit banehogg. Krigaren mister foten og går ned, men no er fiendens styrkar like utanfor.

Salabon og Jack står over ein bastebunda form i eit laboratorium i øvste etasje i tårnet.

Feredir er i sprang nedover trappene.

Beoraborn og Bragol tek i mot den falne krigaren i dét han går ned.

Og utanfor nærmar fiendens styrker seg med stormskritt.

Samstundes i Fennas Drunin:

“Er dette alt du har å seie?” Baran sine auge smalnar i ei faretruande mine. Den andre sine auge smett fram og attende i rommet, medan kald sveitte rend nedover panna hans.

“J…ja…?” Sveitten svir han i augene no, og han løftar ei nervøs hand mot panna for å tørke den vekk. Baran stivnar som om han skal trekkje sverdet, og den andre frys, før han veldig forsiktig tørkjer sveitten. “Eg lovar deg, fem femmarar…”

“Då seier eg seks seksarar,” brølar Baran, og smeller sin eigen terningkopp i bordet.

Comments

Hjarandr jbq

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.