Rangers of the North

S01E01 - The story begins...
Wherein our heroes are introduced, and legends are born.

It is the year 3010 of the Third Age.

Word of mouth has come to the Ranger NPC Helvorn that Orcs have been sighted near Bree. Helvorn dispatches his young apprentice Huntsman, the, known as the Hunter, to scout out the woodlands of the south Chetwood, and investigate if there really are goblins this close to the town. Hunter has recently returned from his 18-month long initiation Ranging, and this is his first mission as a full Ranger.

Hunter brings his friend Herbs, or Salabon as Hunter affectionately calls him, and together with Hunter’s wolf companion Grey Cloak they take to the woods. Hunter has not searched far when he comes across signs of Orc activity, and together they set out on the trail.

Going around the Midgewater Marshes, the pair come across a caravan just south of Weathertop, just as a band of Orcs attack. Hunter and Herbs intervene, and together with the caravan guard Baran Sîdhoneth and the elf Eldacar they vanquish their foes. Salabon saves the life of a wounded mercenary, and Hunter takes prisoner one of the Orcs, who is carrying a scroll written in some sort of black speech. It is unreadable to him.

View
S01E02 - Skirmish at Weathertop
Der våre heltar i eit kappløp med tida må nå Weathertop før Helvorn blir overfalt av orkar.

Feredir og Salabon gjekk med på å følgje karavana til Bree.
Utanfor landsbyen heldt dei orken fanga i eit nedlagt gardsbruk, medan Feredir tok av stad til Helvorn for ordre.

Helvorn bad han gjere ferdig med orken, han sjølv var på veg til Weathertop for å møte nokon (han sa ikkje kven, berre at det var “ranger business”). Uvitande om at Salabon dekoda orkane sine ordre, og oppdaga at Helvorn ville bli offer for snikåtak på Weathertop, drog så Feredir til innom skinnhandlaren, og så hestehandlaren. Her traff Feredir igjen Baran, i same ærend. Sjølv om han tilbaud Baran hjelp til å velje hest, takka denne nei. Feredir gjorde handel, og reid ut på sin nye følgjesven – Dusk.

Etter å ha returnert til Salabon, og lært om planane på Helvorn sitt liv (Salabon sa derimot ikkje korleis han fann ut informasjonen), gjorde dei kål på orken, og sette av garde for å redda Helvorn. Tanken var å be Baran og alven Elrohir til å følgje dei. Alle først drog dei til King’s Rest Inn, der Baran befant seg, men då ein småfull Baran prøvde å forhandla om pris, vart Feredir motbydd av han – for å setja eigen forteneste framfor livet til ein ærbar mann, og å slå attende mot Fienden – og forlot vertshuset.
Dei traff Bragol, som ønskte å hjelpa, og som bad om å få sjansen til å overtyda Baran.

Dei kom fram til Weathertop i siste liten, og etter å ha luska fram til orkane sin leir kunne Feredir konstantera at dei var klar for åtak. Ved hjelp av Feredir si tamme ugle NPC Dúheneb fekk dei kommunisert med Helvorn, som dei lokaliserte ved ein skråning på nordvestsida av Weathertop.

Dei la seg i bakhald for orkane, og gjekk til åtak i det orkane overfalt Helvorn.

Feredir, Salabon og Helvorn vart alle såra i åtaket, mest Helvorn, som stod i fare for å miste handa. Men Feredir laga eit omslag av Siriena-urt, som redda handa midlertidig. Berre éin stad ville dei kunne redda Helvorn – Rivendell.

Bragol og Feredir fekk tak i hestar, og så reid gruppa av stad mot den einaste fristaden i Nord.

View
S01E02 - Respite at Rivendell
Der våre heltar får vitja sjølvaste Imladris!

Etter å ha losa NPC Helvorn trygt i hamn i Rivendell vart gruppa verande der i nokre dagar. Ingen av dei turte å utforska utover det dei vart vist, i frykt for å miste gjestfridomen. Huntsman, the heldt seg for det meste utanfor Helvorn sine rom, for å venta på nyhende om han.

Etter at han var frisk nok til å ta i mot gjestar, fortalte han at han hadde veld å trekkje seg attende til eit roleg liv i Rivendell. NPC Treadstone, Feredir sin erkerival, er den nye forpaktaren for ferdamennene i Bree, og gruppa sitt oppdrag er å rapportere til han når dei vender attende til Bree.

Baran, Bragol Thriawath og Salabon får tilbod om å jobbe for Ferdamennene, og vokte Bree-lands frå onder makter. Alle tre takkar ja.

Vegen attende til Bree går i eit bedageleg tempo, og alven, Salabon og Feredir brukar mykje tid på å finne og hauste inn viktige lækjande urter som veks i Trollshaws. Dei er for det meste under radaren, og opplever ikkje dramatikk.

Vel attende oppsøkjer dei Agarwaen, som er ute på ferding. Som venta visar han ikkje respekt for arbeidet som er gjort, varslar mange endringar, og generell kritikk av Helvorn sitt arbeid. Gruppa får i oppdrag å infiltrere Midgewater Marshes for å finna ut om det er ulumske krefter på gang. Neekerbreekers veks kjempestore, det er rykte om goblins i myrene, og meir.

Det er arbeid å gjerast.

View
S01E03 - Among Thieves
Der våre heltar infiltrerer banden til den legendariske Cormac the Northman av Chetwood.

Huntsman, the tek leiinga, og gruppa bestemmer seg for å finna ut om nokon veit noko om Midgewater_Marshes før dei trampar ut i den visse daud. På Prancing_Pony får dei vita av Barliman Butterbur at banditthovdingen NPC Cormac the Northman er mannen dei søkjer.

Ved hjelp av Sheriffen i Bree kokar dei i hop ein plan om å infiltrere bandittane, og få tak i informasjonen dei treng. Sidan bandittane i Chetwood står på NPC Treadstone si liste over ting som skal takast tak i, ser gruppa det som fordelaktig å ha innsideinformasjon om bandittane.

Den nye “bandittbanden” legg seg lågt i eit gamalt gardshus etter å ha fått sett ut rykte om at dei har flykta frå ein fjerntliggjande landsby etter å ha stjelt frå futen og gjeve pengane til landsbybuarane. Som planlagt får dette merksemda til bandittane, og om ikkje lenge mottek gruppa ord om å ta seg inn til ein bestemt stad i Chetwood. Her blir dei konfrontert av Cormac og bandittane, som tilsynelatande kjøper historia og forkledningane, og inviterer dei inn i bandittbanden.

View
S01E04 - Midgewater Murders
Der våre heltar endeleg konfronterer vondskapen i Midgewater Marshes.

Etter å ha latt seg integrere med bandittane til Cormac the Northman i Chetwood over nokre veker, får gruppa høve til å sjekke inn med Eliard Blackwater. Bragol får oppdraget med å dra inn til Bree frå Cormac sjølv, for å kjøpe korn. Dei andre jobbar vidare med å infiltrere banden, og mellom anna øve seg på å setje ut rykte. Slik oppstod eksempelvis rykte om at Bragol eigentleg er ei kvinne i forkledning. Ryktet har ikkje ført til noko enno, men dei fleste avventar på å sjå kva Jhon the Adulterer gjer først.

I Bree får Bragol vite at tilstanden i Midgewater Marshes er verre enn nokonsinne, og det er difor med blanda kjensler gruppa går med på å følgje smuglarløypa til Cormac gjennom myrane for å sjå at den er trygg.

Feredir leier uvitande gruppa på villspor, og dei kjem over nokre gamle ruiner. Etter å ha skremt både seg sjølv og dei andre med spøkjelseshistoriar får Feredir auge på lysande, raude auge i mørkret frå ruinane, og snart er gruppa under åtak frå noko som berre kan vere ghouls frå segn og soger!

Med ild og stål vert desse bekjempa, men snart vert dei overfalt av fleire, mindre ghouls, og ein mørk skapnad trer fram på balkongen på det som er att av tårnet på den falne festningen. Bragol fell umiddelbart i søvn, og dei tre andre må kjempa mot frykt såvel som trolldom og vandøde.

Etter ein lang, utmattande kamp maktar dei å gjere kål på den vonde trollkaren, og oppdagar at det er han som har forgifta Midgewater med vanheilag magi. Dei får gjort slutt på ulumskheita, og dreg vidare i god tru på at vondskapen er sigra over, og med lommene fulle av loot.

View
S01E05 - Goblins in the Mists
Der våre heltar kjem seg etter tumultene med vandaude og oppdagar eit orkefort i myrane.

Gruppa brukte litt tid på å kome seg til hektene att etter slaget ved det gløymde fortet i Midgewater Marshes (og telja alt lootet). Dei delte byttet i fem, der ein femte, litt større del det semjast om skulle gå til Ferdamennene sin sak.

Huntsman, the og Bragol fann kursen att, og dei fire kompanjongane fortsette ferda mot Emyn Sûl og røvarane si smuglarhole. Dei søkte ut den nordlegaste straumen inn i myrene, og brukte denne til å navigere seg mot Weather Hills.

Men eit godt stykke inn, ikkje langt frå sjølve Smuglarvegen, kom dei over ein provisorisk fortifikasjon, og dei kjende stanken av goblinfolk.

Rett var det, ein utpost med ei skjult og isolert orkestamme, utvilsamt dei det hadde gått rykte om. Gruppa konfererte, og skjøna raskt at her var det ikkje nokon vits i å gå til åtak; Feredir anslo ein stad mellom 30 og 70 orkar i fortet. Gruppa vart difor einige i å dra vidare på oppdraget dei hadde fått, nemleg å følgja Smuglarvegen og sjå at den var trygg. Feredir seier at her må dei koma attende med heile røvarbanden for å ha sjanse på å driva bandittane ut.

Salabon foreslår at dette kan vere ein måte for røvarane å vinna amnesti – om dei risikerer liva sine for å beskytta Bree-land, og dermed løysa problemet med korleis stogga bandittaktiviteten utan å drepe eller arrestera røvarane, men heller integrera dei.

Dei fire dreg vidare, og kjem til slutt til den anviste lokasjonen i Weather Hills. Her brukar dei tid på å kvile ut og vaske vekk skiten frå myrene, før dei vel å dra om Chetwood heimatt i staden for å dra gjennom Midgewater Marshes nok ein gong.

View
S01E06 - Feast before the Storm
Der våre heltar må overtyde Cormac og bandittane om å gå til åtak på orkane i myrene.

Etter å ha funne vegen attende til Chetwood, gjer gruppa sin forklaring til Cormac. Feredir fortel heile sannheita om trollmannen og ghoulane til den mistruiske nordamannen, før han ler og seier at han skrønar. Cormac vert totalt teke på senga, og ler godt med, og taktikken for å innynde seg vidare med han betalte seg. Rapporten om orkar vert derimot levert i det grimme alvor, og Cormac forstår godt alvoret. Gruppa rår han til å fylkje så mange som mogleg og gå til åtak, og han seier han vil tenkje over dette. I mellomtida har han eit anna oppdrag til gruppa, som inneber å dra inn til Bree – som passar godt for ein gjeng som ikkje har sove i seng på mange veker. Oppdraget går ut på å plukke opp eit brev hjåBarliman Butterbur Prancing_Pony.

Vel framme i Bree slepp gruppa ut håret på vertshuset. Medan Bragol og Baran Sîdhoneth båe må utfalde seg på dansegulvet – til førstenevnte sin store skrekk, må Salabon hamle opp med den svært pågåande Effie Thistlebottom, som har sett seg ut han som sitt mål. Det endar opp med at han dansar på ho eit fælsleg astmaanfall, og brukar resten av kvelden på å lækje ho på badstua saman med vertshusstaben, medan Baran ender opp i stallen med to tøsar, og Bragol blir lurt med langt ut i ein låve på landsbygda.
Feredir kanaliserer sin store helt Aragorn, og tar på seg rolla som den morske ferdamannen i hjørnet, og ingen tør trenge seg på han. Han nyttar difor høvet til å snike seg usett til Eliard Blackwater for å få nytt og fortelje om framgongen. Saman koker dei opp ein plan for å sikre bandittane amnesti og beløning, ved å gje dei æra for å fri Bree-land for orkar.

Vel attende i Chetwood rådslår dei på nytt med Cormac, og insinuerer gode planar for framgongen. Dei melder seg også som friviljuge til å speide ut gode åtaksstiar medan Cormac fylkjar sin banditthær. Dei avtaler å møtast ved smuglarhôla ved Emyn Sûl.

Bragol melder seg friviljug til å snike seg så nært som mogleg fortet for å sjå etter svake punkt, og utan at kompanjongane er klar over det kastar han eit trolldomsformular over seg sjølv som lét han bli fullstendig usynleg. Slik snik han seg naken og ubevæpna heilt inn i orkane sin fortifikasjon, og kan rapportere om fleire gode innfallsvinklar for åtak til sine overraska kumpanar.

Deretter dreg dei til hôla for å førebu at fylkjinga skal dukke opp. Feredir fell eit gigantisk villsvin med eitt, legende-verdig skot, og dei gjer i stand eit festmåltid for å gje god moral.

Vi forlét våre heltar i skjul i myrane saman med banditthæren, medan dei gjer seg klar til å gå til åtak på fleire snes orkar…

View
S01E07 - Drums in the swamp
Der våre heltar deltek i eit heroisk slag i Midgewater Marshes.

Med brennande båtar som set fortet og orkane sine båtar i brann opnar slaget. Feredir tek sjansen på å gje mennene ein kort, inspirerande tale før åtaket, som aukar moralen markant, og så går orkane til åtak.

Salabon har nok med å gje det han kan av skade medan han trekkjer seg unna frontlinja for å ta seg av såra, og Bragol kjempar det han er alv for. Feredir, derimot, er i sitt rette element, og formeleg slaktar ned orkar. Men så slepp orkane laus eit gedigent troll! Baran meier seg veg mot trollet, og engasjerer det i tvekamp, mann mot troll, medan Feredir og bandittane hamlar opp med orkane. Til slutt er det berre Baran og trollet att, og resten stirrar i vantru mot mannen som går på eit troll heilt aleine. I det Feredir ropar ut at alle må til hans side, leverer han banesåret foran eit fullstendig vantru publikum. Men straks brølar samtlege ut i ekstase; kampen er over, Baran drepte trollet, og alle orkane er døde!

Etter å ha tilsynegjort den ikkje ubetydelege summen pengar orkane skjulte, finn gruppa det å vere tidspunkt for å avsløre seg til Cormac. Han trur ikkje sine eigne øyre, men får tårer i augene over å høyre om korleis bandittane no skal få amnesti, og pengar nok til å kunne byggje seg nye, lovlege liv. Ferdamennene har ikkje berre rydda opp i Midgewater og Chetwood, men dei har redda over femti sjeler frå eit liv på rømmen.

Job well done.

View
S01E08 - Bree-land Jamboree (Mid-season finale)
Der våre heltar tek seg ei velfortent feiring av tidlegare bragder.

Gruppa vender attende til Bree, og kan klappe seg sjølv på skuldra: bandittane vert ønskja velkomne som heltar. Berre eit fåtal veit kven som stod bak – enkelte av (dei no forhenverande) røvarane, og sheriffen Eliard Blackwater. Teoretisk sett burde Ferdamennene også vite kven som hadde æra, men tilsynelatande er ikkje Agarwaen spesielt imponert. På poststaden der Ferdamennene utvekslar nyhende og ordre ligg det nemleg instruksar om å patruljere områda av South Downs langs The Greenway. Feredir og Baran rir heile strekninga; dei oppsøkjer nærliggjande gardar, og finkjemmer åsane. Her er det ingen teikn etter noko som helst; oppdraget er eit okseskitoppdrag, mest sannsynleg som “straff” for å ha løyst dei to øvrige okseskitoppdraga. Men slik er loddet til den som vel den rette veg og gjer si plikt, så Feredir held det for seg sjølv og gjer jobben sin.

Nokre veker seinare er det derimot tid for den årlege hausttakkefesten i Bree, og alle mann får seg lenge etterlengta rekreasjon. Salabon set opp ei vogn og delar ut gratis drikke som eit reklamestunt, Baran skyt motstandarane ut av vatnet i den tradisjonelle bogeskyttarkonkurransen. Feredir treff Agarwaen og Isig, men båe er avvisande, sjølv når Feredir peikar ut at det ikkje finst truslar langs Forven Iaur. Då dei to går vidare overhøyrer Feredir at Agarwaen tek æra for dei to siste bragdene, og i tillegg lyt det høyrast ut som at Feredir feila å gjennomføre dei. For å få det ut av systemet går han inn i tvekampringen, der kjøpmannen Danan har hyrt inn ein diger Beijabar ved namn Beoraborn, som tilsynelatande kan slå ut kven som helst. Det er ein farleg kamp, men Feredir slår han ut, og etterpå spanderer eit krus mjød på han, og har fått ein ny ven.

View
S01E09 - New Friends, New Paths
Der våre heltar gjer seg klar til ei lengre reise, enkelte meir takksame for nytt oppdrag enn andre...

Feredir og Beoraborn set seg utanfor Prancing Pony med mjødkrusa Feredir har kjøpt. Det går ikkje lenge før ei stille forsoning etter kampen oppstår, som det gjerne gjer mellom menn av få ord over sterkt drykk, og båe har fått ein ny alliert. Eliard Blackwater slår seg ned, og praten går om korleis røvarane har funne seg til rette etter å ha vendt attende til samfunnet. Beoraborn er faktisk ein av dei som no prøver lukka, men han er ein dugeleg smed, og få har råd til arbeidet hans, samstundes som at han ikkje kan leva av det dei har råd til. Eliard nemner korleis Agarwaen har teke æra for det som skjedde, og Feredir himlar oppgitt med augo, samstundes som han påpeikar, med rette, at det viktigaste er ikkje kven som får laubæra, men at det gode sigrar. Så får heller han og dei andre leve med at dei ikkje får gjetorda, det er, kanksje med unntak av Baran, ikkje difor dei gjer det dei gjer.

Samstundes hamnar Salabon i trøbbel. Etter at Effie Thistlebottom har lagt seg etter Salabon i lengre tid har tydelegvis patriarken i den velståande og innflytelsesrike Thistlebottom-klanen, Gobfric Thistlebottom innsett at det moglegeins er denne filantropen og lækjaren som vil bli den rettmessige arvingen til eplegardane og svineoppdrettsimperiet. Salabon får difor ein ærbødig invitasjon til nons den følgjande dagen, noko han ikkje ser nokon anna råd enn å møte opp til, strigla til gangs.

Under måltidet erklærer Thistledowns hensiktene sine, men Salabon vert redda i grevens tid av at Feredir si ugle Dúheneb dukkar opp utanfor. Han orsakar seg, og opnar meldinga knytt til ugla sin fot. Feredir ber han koma umiddelbart, då dei må ut på ei lengre reise sørover; Dúnheneb har nemleg fått ord frå andre ugler om at mistenkelege framande beveger seg langs vegen.
Samstundes har det ikkje lukkast Feredir å lokalisere Baran eller Bragol, så han oppsøkjer sin nye ven Beoraborn, som det visar seg bur saman med ei rekkje dyr, som ser ut til å arbeide for han, eller i alle fall med han. Beijabaringen er ikkje vond å be, og snart er dei utanfor byporten der dei ventar på at Salabon skal dukke opp.

View

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.