Rangers of the North

S01E05 - Goblins in the Mists
Der våre heltar kjem seg etter tumultene med vandaude og oppdagar eit orkefort i myrane.

Gruppa brukte litt tid på å kome seg til hektene att etter slaget ved det gløymde fortet i Midgewater Marshes (og telja alt lootet). Dei delte byttet i fem, der ein femte, litt større del det semjast om skulle gå til Ferdamennene sin sak.

Huntsman, the og Bragol fann kursen att, og dei fire kompanjongane fortsette ferda mot Emyn Sûl og røvarane si smuglarhole. Dei søkte ut den nordlegaste straumen inn i myrene, og brukte denne til å navigere seg mot Weather Hills.

Men eit godt stykke inn, ikkje langt frå sjølve Smuglarvegen, kom dei over ein provisorisk fortifikasjon, og dei kjende stanken av goblinfolk.

Rett var det, ein utpost med ei skjult og isolert orkestamme, utvilsamt dei det hadde gått rykte om. Gruppa konfererte, og skjøna raskt at her var det ikkje nokon vits i å gå til åtak; Feredir anslo ein stad mellom 30 og 70 orkar i fortet. Gruppa vart difor einige i å dra vidare på oppdraget dei hadde fått, nemleg å følgja Smuglarvegen og sjå at den var trygg. Feredir seier at her må dei koma attende med heile røvarbanden for å ha sjanse på å driva bandittane ut.

Salabon foreslår at dette kan vere ein måte for røvarane å vinna amnesti – om dei risikerer liva sine for å beskytta Bree-land, og dermed løysa problemet med korleis stogga bandittaktiviteten utan å drepe eller arrestera røvarane, men heller integrera dei.

Dei fire dreg vidare, og kjem til slutt til den anviste lokasjonen i Weather Hills. Her brukar dei tid på å kvile ut og vaske vekk skiten frå myrene, før dei vel å dra om Chetwood heimatt i staden for å dra gjennom Midgewater Marshes nok ein gong.

View
S01E04 - Midgewater Murders
Der våre heltar endeleg konfronterer vondskapen i Midgewater Marshes.

Etter å ha latt seg integrere med bandittane til Cormac the Northman i Chetwood over nokre veker, får gruppa høve til å sjekke inn med Eliard Blackwater. Bragol får oppdraget med å dra inn til Bree frå Cormac sjølv, for å kjøpe korn. Dei andre jobbar vidare med å infiltrere banden, og mellom anna øve seg på å setje ut rykte. Slik oppstod eksempelvis rykte om at Bragol eigentleg er ei kvinne i forkledning. Ryktet har ikkje ført til noko enno, men dei fleste avventar på å sjå kva Jhon the Adulterer gjer først.

I Bree får Bragol vite at tilstanden i Midgewater Marshes er verre enn nokonsinne, og det er difor med blanda kjensler gruppa går med på å følgje smuglarløypa til Cormac gjennom myrane for å sjå at den er trygg.

Feredir leier uvitande gruppa på villspor, og dei kjem over nokre gamle ruiner. Etter å ha skremt både seg sjølv og dei andre med spøkjelseshistoriar får Feredir auge på lysande, raude auge i mørkret frå ruinane, og snart er gruppa under åtak frå noko som berre kan vere ghouls frå segn og soger!

Med ild og stål vert desse bekjempa, men snart vert dei overfalt av fleire, mindre ghouls, og ein mørk skapnad trer fram på balkongen på det som er att av tårnet på den falne festningen. Bragol fell umiddelbart i søvn, og dei tre andre må kjempa mot frykt såvel som trolldom og vandøde.

Etter ein lang, utmattande kamp maktar dei å gjere kål på den vonde trollkaren, og oppdagar at det er han som har forgifta Midgewater med vanheilag magi. Dei får gjort slutt på ulumskheita, og dreg vidare i god tru på at vondskapen er sigra over, og med lommene fulle av loot.

View
S01E03 - Among Thieves
Der våre heltar infiltrerer banden til den legendariske Cormac the Northman av Chetwood.

Huntsman, the tek leiinga, og gruppa bestemmer seg for å finna ut om nokon veit noko om Midgewater_Marshes før dei trampar ut i den visse daud. På Prancing_Pony får dei vita av Barliman Butterbur at banditthovdingen NPC Cormac the Northman er mannen dei søkjer.

Ved hjelp av Sheriffen i Bree kokar dei i hop ein plan om å infiltrere bandittane, og få tak i informasjonen dei treng. Sidan bandittane i Chetwood står på NPC Treadstone si liste over ting som skal takast tak i, ser gruppa det som fordelaktig å ha innsideinformasjon om bandittane.

Den nye “bandittbanden” legg seg lågt i eit gamalt gardshus etter å ha fått sett ut rykte om at dei har flykta frå ein fjerntliggjande landsby etter å ha stjelt frå futen og gjeve pengane til landsbybuarane. Som planlagt får dette merksemda til bandittane, og om ikkje lenge mottek gruppa ord om å ta seg inn til ein bestemt stad i Chetwood. Her blir dei konfrontert av Cormac og bandittane, som tilsynelatande kjøper historia og forkledningane, og inviterer dei inn i bandittbanden.

View
S01E02 - Respite at Rivendell
Der våre heltar får vitja sjølvaste Imladris!

Etter å ha losa NPC Helvorn trygt i hamn i Rivendell vart gruppa verande der i nokre dagar. Ingen av dei turte å utforska utover det dei vart vist, i frykt for å miste gjestfridomen. Huntsman, the heldt seg for det meste utanfor Helvorn sine rom, for å venta på nyhende om han.

Etter at han var frisk nok til å ta i mot gjestar, fortalte han at han hadde veld å trekkje seg attende til eit roleg liv i Rivendell. NPC Treadstone, Feredir sin erkerival, er den nye forpaktaren for ferdamennene i Bree, og gruppa sitt oppdrag er å rapportere til han når dei vender attende til Bree.

Baran, Bragol Thriawath og Salabon får tilbod om å jobbe for Ferdamennene, og vokte Bree-lands frå onder makter. Alle tre takkar ja.

Vegen attende til Bree går i eit bedageleg tempo, og alven, Salabon og Feredir brukar mykje tid på å finne og hauste inn viktige lækjande urter som veks i Trollshaws. Dei er for det meste under radaren, og opplever ikkje dramatikk.

Vel attende oppsøkjer dei Agarwaen, som er ute på ferding. Som venta visar han ikkje respekt for arbeidet som er gjort, varslar mange endringar, og generell kritikk av Helvorn sitt arbeid. Gruppa får i oppdrag å infiltrere Midgewater Marshes for å finna ut om det er ulumske krefter på gang. Neekerbreekers veks kjempestore, det er rykte om goblins i myrene, og meir.

Det er arbeid å gjerast.

View
S01E02 - Skirmish at Weathertop
Der våre heltar i eit kappløp med tida må nå Weathertop før Helvorn blir overfalt av orkar.

Feredir og Salabon gjekk med på å følgje karavana til Bree.
Utanfor landsbyen heldt dei orken fanga i eit nedlagt gardsbruk, medan Feredir tok av stad til Helvorn for ordre.

Helvorn bad han gjere ferdig med orken, han sjølv var på veg til Weathertop for å møte nokon (han sa ikkje kven, berre at det var “ranger business”). Uvitande om at Salabon dekoda orkane sine ordre, og oppdaga at Helvorn ville bli offer for snikåtak på Weathertop, drog så Feredir til innom skinnhandlaren, og så hestehandlaren. Her traff Feredir igjen Baran, i same ærend. Sjølv om han tilbaud Baran hjelp til å velje hest, takka denne nei. Feredir gjorde handel, og reid ut på sin nye følgjesven – Dusk.

Etter å ha returnert til Salabon, og lært om planane på Helvorn sitt liv (Salabon sa derimot ikkje korleis han fann ut informasjonen), gjorde dei kål på orken, og sette av garde for å redda Helvorn. Tanken var å be Baran og alven Elrohir til å følgje dei. Alle først drog dei til King’s Rest Inn, der Baran befant seg, men då ein småfull Baran prøvde å forhandla om pris, vart Feredir motbydd av han – for å setja eigen forteneste framfor livet til ein ærbar mann, og å slå attende mot Fienden – og forlot vertshuset.
Dei traff Bragol, som ønskte å hjelpa, og som bad om å få sjansen til å overtyda Baran.

Dei kom fram til Weathertop i siste liten, og etter å ha luska fram til orkane sin leir kunne Feredir konstantera at dei var klar for åtak. Ved hjelp av Feredir si tamme ugle NPC Dúheneb fekk dei kommunisert med Helvorn, som dei lokaliserte ved ein skråning på nordvestsida av Weathertop.

Dei la seg i bakhald for orkane, og gjekk til åtak i det orkane overfalt Helvorn.

Feredir, Salabon og Helvorn vart alle såra i åtaket, mest Helvorn, som stod i fare for å miste handa. Men Feredir laga eit omslag av Siriena-urt, som redda handa midlertidig. Berre éin stad ville dei kunne redda Helvorn – Rivendell.

Bragol og Feredir fekk tak i hestar, og så reid gruppa av stad mot den einaste fristaden i Nord.

View
S01E01 - The story begins...
Wherein our heroes are introduced, and legends are born.

It is the year 3010 of the Third Age.

Word of mouth has come to the Ranger NPC Helvorn that Orcs have been sighted near Bree. Helvorn dispatches his young apprentice Huntsman, the, known as the Hunter, to scout out the woodlands of the south Chetwood, and investigate if there really are goblins this close to the town. Hunter has recently returned from his 18-month long initiation Ranging, and this is his first mission as a full Ranger.

Hunter brings his friend Herbs, or Salabon as Hunter affectionately calls him, and together with Hunter’s wolf companion Grey Cloak they take to the woods. Hunter has not searched far when he comes across signs of Orc activity, and together they set out on the trail.

Going around the Midgewater Marshes, the pair come across a caravan just south of Weathertop, just as a band of Orcs attack. Hunter and Herbs intervene, and together with the caravan guard Baran Sîdhoneth and the elf Eldacar they vanquish their foes. Salabon saves the life of a wounded mercenary, and Hunter takes prisoner one of the Orcs, who is carrying a scroll written in some sort of black speech. It is unreadable to him.

View

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.