Rangers of the North

S01E20 - Darkness at Minas Brethil, pt. 2
Der våre heltar må mønstre ein halsbrekkjande redningsoperasjon i ondskapens leir...

Feredir oppdagar raskt spor, men dei er metodiske og profesjonelle: her er dei ein ferdamannsmeister på ferde!

Dei legg beina på nakken, og ser snart ei lita gruppe frakte Salabon mot porten til borggarden. Gode råd er dyre; dei kan ikkje gå til åtak utan å bli oppdaga av styrkene utanfor festningsverket. I staden tek dei seg rundt slottet, og over muren.

Samstundes vaknar Salabon bunde fast og hengt opp i taket i tårnet. Han fresar og brukar sitt dominerande nærvær til å overtyde fangevaktaren sin om at han eigentleg er ein av dei, og at vedkomande som har gjort denne tabben vil betale dyrt. Det lukkast, og ein orsakande, svartkledd form slepp han ned, og er straks på veg ut døra etter leiaren sin.

I mellomtida har dei fire andre kome seg inn, og fram til døra ved tårnet. Dei høyrer nokon løpe nedover, og ser sitt snitt til å løpe opp, i håp om at dei held Salabon her. Beoraborn oppdagar over eit snes hestar, og vert att for å sale opp fem til ein kort retrett. I andre etasje kjem dei over vapenlageret, og ein etasje til gjev dei ei låst dør (kort arbeid for Middle-Finger). På den andre sida sit Salabon i ei svart kutte med sølvknappar. Bragol, som mistenkjer at det er ein spion blant ferdamennene, blir straks mistruisk, og Feredir forlangar å få vite kva dette er for taskenspeleri, og Salabon klarar å overtyde dei om at han berre speler eit spel, og at det er best dei speler med. Dei skjular seg raskt for bakhaldsangrep; sjefen er på veg opp!

Beoraborn høyrer nokon ta seg opp trappa innanfor døra, og bestemmer seg for å snike seg opp etter dei. Diverre er ikkje den røslege beijibaren nokon småfugl, og planen dei fire andre la går i vasken i dét fiendane vender nedatt for å undersøkje. Beoraborn har ikkje anna val enn å gå i kamp med ein svær, langhåra og værbiten krigar, medan i andre etasje slår døra opp, og ein kappekledd fyr kjem inn. Feredir hoppar ut, og slår han i svime. Dei bind, blindar og kneblar han, medan Bragol hiv seg nedover trappa for å hjelpe Beoraborn før det er for seint. “Ta han i live!” ropar han i dét han prøver å slå krigaren i svime bakfrå, men ikkje lukkast

Men den store krigaren er for mykje for dei to å overrumple, og snart høyrer dei rop og lyden av føter, og Beoraborn har ikkje anna val enn å gje han eit banehogg. Krigaren mister foten og går ned, men no er fiendens styrkar like utanfor.

Salabon og Jack står over ein bastebunda form i eit laboratorium i øvste etasje i tårnet.

Feredir er i sprang nedover trappene.

Beoraborn og Bragol tek i mot den falne krigaren i dét han går ned.

Og utanfor nærmar fiendens styrker seg med stormskritt.

Samstundes i Fennas Drunin:

“Er dette alt du har å seie?” Baran sine auge smalnar i ei faretruande mine. Den andre sine auge smett fram og attende i rommet, medan kald sveitte rend nedover panna hans.

“J…ja…?” Sveitten svir han i augene no, og han løftar ei nervøs hand mot panna for å tørke den vekk. Baran stivnar som om han skal trekkje sverdet, og den andre frys, før han veldig forsiktig tørkjer sveitten. “Eg lovar deg, fem femmarar…”

“Då seier eg seks seksarar,” brølar Baran, og smeller sin eigen terningkopp i bordet.

View
S01E19 - Darkness at Minas Brethil, pt. 1
Der våre heltar dreg til Vale of Brethil for å finne fleire spor etter Fienden

Mørkret hang framleis tungt over Fennas Drúnin, men ferdamennene som kvilte ut etter god mat i røykjestova på The Oak Grove vart likevel ikkje overraska over å sjå Paetric då han steig inn i rommet, flankert av si dotter Jayelle. Det var forventning, spenning og antydning til frykt å lese i andletet til den ærbårne byrårdleiaren i Fennas Drúnin.

“Vi kjem med både gode og vonde tidningar, min ven,” forklarte Feredir, og Paetric tok raskt ein ledig stol attmed dei som allereie var til stades, slik at dei forma ein halvsirkel rundt den lune og lindrande eldstaden.

Feredir og Bragol framla situasjonen slik den førelåg reint objektivt; dei delte ikkje informasjonen som dei mellom seg hadde bestemt å hade løynd, og heller ikkje sine eigne roller i slaget delte dei. Men Paetric fekk tidingane han så angstfylt hadde venta: Slaget var over, og både Thuin Boid og Harnalda stod framleis. Men lettelsa var kortvarig: Dei to har grunn til å tru at slaget og beleiringa berre var ein avleiingsmanøver frå — ja, kva, det har dei ikkje funne ut, og spora er få. Men dei er overtydd om at det er ein bedragar og forræder i Fennas Drúnin, og det er difor dei har vendt attende.

Få visste om oppdraget til ferdamennene; Paetric sjølv og dottera Jayelle, stallkaren som stilte med vogn og esel, og kjøpmannen og læresveinen hans som utrusta karavanen. Saman formulerer dei ein plan for å lokke dei tre sistnemnte frå sine husvære, for så å la Bragol og Jack Fleetfoot, som har gjort seg fortent til det nye aukenamnet Middle-Finger grunna hans klåfingra natur, gjennomsøkje desse. Avledninga vil vere ein fest for å feire oppdraget sin suksess og besigringa av fienden.

Bragol fortel at han har grunn til å mistenkje at den gamle festningen Minas Brethil kan halde det dei onde søkjer etter. Paetric fortel det han kan om staden: Minas Brethil er den urgamle hovudstaden som ikkje har vore i bruk på fleire hundreår, kanskje tusen. Den falt i Krigen mot Angmar, men vart siden restaurert, men fann likevel aldri attende sin posisjon, og har difor lagt tom i manns minne. Meir klarar ikkje dei sju å finne fram til, med unntak om at staden ligg åtte-ni timars riding frå Drunin.

Ferdamennene gjer opp meining om å dra ut for å speide rundt Minas Brethil; festen skal finne stad om to dagar, men dei vi ha tid til å undersøkje om ondskapen har fotfeste, og kanskje få eit overtak på kven enn forrædaren er. Baran vert attende i Drunin for å sjå kva han kan finne ut her.


Ikkje langt frå Minas Brethil. Feredir rir i front for å speide, som vanleg. Brått værer han fare; han rettar merksemda mot omgjevnadane, og kjenner eimen av våt hund og død: Vargar! Han rekk å tre av hesten og sende den vekk før ein rabiat varg er på han. Med eit pileskot og eit velplassert hugg med langsverdet sender han styggedomen i bakken, og gjer ende på kreket. Han kallar på hesten og rir som bestett mot dei andre.

Salabon, Bragol, Beoraborn og Jack værer óg ulvane, og Salabon set hælane inn i sida på hesten den vegen han trur Feredir er. Ein varg kjem frå ingenstads og feller Jack sin ponni etter eit kort forsøk på å ri klar, og Beoraborn kastar seg frå hesten i eit overmenneskeleg sprang og deler ulven i to i dét Feredir rir inn i klaringa. Meir varsame held dei fram mot Minas Brethil.

Utanfor ein skog som omkransar Vale of Brethil finn dei fem ein passande plass å setje hestane, før dei tek seg gjennom skogen til fots. Dei kjem snart fram til sjølve dalen, der slottet reiser seg opp langs ein åskam. I dalen ser dei to leire med Hillmen. Feredir, Bragol og Jack avanserer for å speide ut leirane; Salabon og Beoraborn følgjer ein avstikkar av Mitheithel som leier rundt slottet. Beoraborn ser fort spor etter orkar, og dei følgjer sporet til ei hule i fjellet, nedanfor slottet. Han sender sin ilderkompanjong for å finne Feredir, og etter å ha fullført rundturen rundt slottet møter dei tre speidarane Salabon og Beoraborn ved hula. Beoraborn forklarar at han på spora kan sjå at orkane er utmatta og og slitne, og at det moglegeins er ein eller fleire Uruk-Hai blant dei.

Tunnelen er vakta over av to orkar, og det er tydeleg fleire innanføre. Til Jack si gru legg dei fem andre ein plan som går ut på å lokke orkane frå tunnelen. Beoraborn skiftar ham, og like etter tassar ein bjørn ut frå buskassa nord for tunnelen. Orkane kallar inn i hula, og fleire kjem ut, og set etter bjørnen, som forsvinn inn i buskane. Jack ligg i skjul, og Feredir og Bragol kjem inn bakfrå: snart er det berre blodige spor att etter orkane. Dei vender attende til der Salabon venta på dei, men oppdagar til sin skrekk at han er borte!

View
S01E18 - Aftermath
Der våre heltar vendar attende til Fennas Drúnin med bange anelser...

Slaget om Harnalda er kanskje over, men det betyr ikkje at det er mindre travelt for dei seks heltane. Både under og lenge etter at slaget er over er Nestaron opptatt med å ta seg av dei såra og jobbar i ett med å operere, amputere og forbinde.

Så snart slaget er over og fienden har flykta, nyttar Bragol sjansen og tar seg ut til leiren der elitesoldatene til fienden budde. Her går han igjennom telta på jakt etter informasjon. Det han finn setter ein støkk i han og bygg opp under teorien om at det finnes ein forræder blant Ferdamennene. Han finner også ein scroll som avslører at fienden veit at dei leitar etter dei tapte palantirene, nok eit teikn på at det finnes forrædere.

Ein dagbok som avslører at to agenter frå samme familie opererer her. I tillegg viser det seg at angrepet på Harnalda berre var ein avledningsmanøver, men for kva er ikkje kjent. Derimot oppdager Bragol at det er ein som vet dette, ein av fiendens agenter som går under kodenavnet the sand viper.

Bragol rapporterer dette til alvene fra Rivendell og får i oppdrag å kontakte ein mann ved navn Patrick i Fennas Druinen, den einaste mannen kan kan stole på. Bragol finner også ein bok,eit orkisk gudebildet, ein ring og ein amulett. Gudebildet øydelegg han, ringen og amuletten viser seg å være magiske gjenstander som styrker ein persons magiske kraft.

Samme natt for Feredir besøk av ei mystisk kvinne som fortel at hun er ein av Ferdamennene. Hun fortel Feredir det samme som Bragol har oppdaga: At angrepet var ein avledning og at ein agent ved namn the sand viper veit meir. Ho ber han oppsøke Patrick.

Under festen for å feire sigaren fortel Feredir eit heltekvad av episk proporsjon, men Bragol er opptatt med å analysere den eine boken han fann. Nestaron kvittar seg meg litt pengar og spanderer drikke på alle der, som viser seg å være fleire enn han først hadde trodd. Baran er travelt opptatt med å feire sigaren. Såra han pådro seg under kampen plager han ikkje, men han må se å få ein ny streng til buen sin.

Når Bragol endeleg får opp låsen på boka, fell han under ein magisk makt og glir inn ein katatonisk tilstand. I denne føler han den mørke fiendens øye på seg, og det er bare rask tenkning fra Jack Fleetwood som redder han. Hobbitten oppdager at noko er galt, han handler raskt og lukker boken. Bragol kjem seg og han gir boken til Jack og tar han med seg til smien. Her får han Jack til å øydeleggje den, noko som viste seg å være vanskeleg! Men dei lykkes.

Bragol fortel Feredir det han veit, då han er trygg på at Feredir er ein lojal ferdamann. Dei to vært einige om å reise til Fennas Druinen, men om å ikkje seie noko om grunnen til dei andre. Bragol fryktar at enten Nestaron eller Baran kan være spionar for fienden.

Vell framme i Fennas Druinen får dei seks seg ein fortjent kvil, god mat og varme bad. No venter Bragol og Feredir på åmøte Patrick, mens resten er klar for å leite etter urten dei treng for å gi Beoraborn synet tilbake.

View
S01E17 - Battle of Harnalda, pt. 2
Der våre heltar omsider får smake på eit vaskeekte slag...

Beoraborn er attende på beina, Baran er i kampform, og saman med dei andre rir dei mot Harnalda med viktige tidende som må inn i fortet koste kva det koste vil. Dei ser fort at beleiringshæren er på veg til å gå til åtak; det er no eller aldri.

Jack, som var den som mottok tidendene, melder seg friviljug til å snike seg inn i fortet, og Feredir blir med for å spele lokkedue dersom det blir naudsynt. Det blir det ikkje; dei kjem seg heilt fram, og vert attkjend med ein gong; Jack fordi han allereie har vore her, og Feredir som den galningen som lokka med seg eit heilt kavalerikompani og gjorde så mykje skade.

Vel inne får dei beskjed om at dei treng resten av gruppa; kvar mann er uvurderleg. Det visar seg at det finst ein løyngang ut, og Feredir sender Ancalagon for å hente resten. (det må leggjast til at det mest sannsynleg er denne vegen Jack kom seg ut første gongen).

Baran synast det er usselt å smyge seg gjennom ein mørk tunnel, og vel å ri rett forbi åtakarane!

Vel inne leverer Feredir ein inspirerande tale som aukar moralen, og etter det er det berre å vente på åtaket; det tek ikkje lang tid!

Etter eit hardt og langt slag kjem Dei raude lansene til unnsetning, og det er klart at åtakarane aldri kan lukkast, og linjene deira kollapsar.

Attende står seks heltar og eit Harnalda rungande med sigersrop.

View
S01E15 - Battle of Harnalda, pt. 1
Der våre heltar gjer seg klare til slag

Ved hjelp av kløkt og strategi får Feredir, Jack Fleetfoot og Salabon sabotert beleiringsmaskinene. Samstundes rir Baran og den nyleg attendekomne Bragol mot dei for å åtvare om at to store kompani med retalierande ryttarar er på veg mot dei. Feredir og Baran tek eit val, og bestemmer seg for å bruke høvet til å gjere så mykje skade som mogleg, medan dei andre kjem seg inn i fortet.

Feredir og Baran lokkar med seg angriparane, og rir igjennom den nær tomme leiren til ryttarane bak dei. Baran snappar opp ein standard, og deretter rir dei mot ein av dei andre fraksjonane sin leir. Baran kastar standarden inn i leiren, og spiddar ein soldat, og deretter rir dei som to helvettar vekk medan det bryt ut full strid mellom dei to rivaliserande fraksjonane.

Bragol og Jack klarar på kvar sin måte å snike seg ut av fortet etter å ha fått viktige beskjedar, og dei fire møtast att i Thuin Boid medan Salabon vert att i Harnalda for å sjå over sjukestova og fasiitetane der i påvente av hovudåtaket.

I Thuin Boid skjønar Aldurin at det er no eller aldri, og set hjulene i gong for ein motåtak…

View
S01E14 - Stealth and Strategy
Der våre heltar speidar ut beleiringshæren utanfor Harnalda

Baran og Bragol rir mot Rivendell, men får ord frå Dúheneb om at gruppa har behov for Baran sin sverdarm og kjennskap til karavaner. Brago rir vidare.

Baran rir som besatt mot Thuin Boid, men rir rett i eit bakhald! Han slepp så vidt frå det med livet i behald, og når han endeleg får stoppa for å binde såra sine ser han to par lysande, raude auge i mørkret – - Vargar! Mirakuløst nok får han tatt knekken på vargane, og rir halvdaud og blødande vidare. Han formeleg sleper seg inn på gardsplassen i Thuin Boid i det resten av gruppa er inne for å rapportere til Content Not Found: aldurin, kvartermeistaren i Thuin Boid. Salabon får sett til skadene hans, men det er heldigvis ikkje så alvorleg. Beoraborn har derimot fått ein betennelse i kroppen, og blir lagt inn på sjukestova med feber.

Neste natt dreg gruppa ut for å speide på beleiringshæren utanfor Harnalda. På vegen kjem dei over ei fullasta vogn på veg til leiren – heilt sikkert ein av vognene som tidlegare har bitt kapra. Gruppa betaler attende ved å gjenkapre den, og tek fem av dei seks vaktane til fange (den sjette må bøte med livet).

Etter å ha levert dette til Aldurin, og lagt inn Baran på sjukestova med nok ein skade, får gruppa seg litt kvile, før Huntsman, the, Salabon og Jack Fleetfoot dreg ut igjen for å speide på fortet.

Opp over dei rullande og spredt trekledde åsane som følgjer elva Bruinen rir ein ryttar som besatt. Det er alven Bragol, på veg mot Rivendell for å åtvare om at ein stor hær av dunlendingar, austlendingar og søringar har mønstra frå Rhudaur og marsjerer sørover mot The Angle. Det går tilmed rykter om at dei mytiske svarte numenorarane marsjerer med troppane, og alt peikar på at mørke krefter står bak… Bragol veit at han pressar hesten, men tidingane må fram…

På sjukestova i Thuin Boid trør to krigarar rommet på langs og på tvers. Beoraborn og Baran slit tålmodet sitt i filler medan dei ventar på at såra dei har pådrege seg i strid skal hele seg. Baran er framleis hardt skada etter å ha blitt overfalt av Hillmenn og Vargar, og kan enno ikkje bevege armen skikkeleg, medan Beoraborn har fått ein mikstur som skal hindre betennelse i auget. Men timane kryp forbi i som i honning, og spørsmålet er kor lenge dei to held ut…
Samstundes sit hobbiten Jack Fleetfoot skjult under ei fjellhylle utanfor det beleira fortet Harnalda. Han har snart bitt neglene til blods, og lurar på kvifor i Bilbos namn han vart med desse gærne ferdamennene på dette ville oppdraget, og ikkje minst kor i Thorins skjegg Hunter og Herbs har blitt av. Har dei forlatt han?! Stundom skular han med angst ned på den massive beleiringshæren…

Ein skugge smyg seg i skjul langs beleiringsleiren. Etter å ha spionert på dei ulike fraksjonane utanfor Harnalda på nært hald, er Feredir på leit etter Salabon. Kor vart han så plutseleg av? Dei einaste spora peikar mot findeleiren…

Og inn i fiendeleiren spankulerer nonsjalant ein maskert og kappekledd Salabon. Han blir ført til ein offiser, som spør; “No? Kva seier sjefen?”

View
S01E13 - Crimson Caravan
Der våre heltar må risikere liv og lemmar for å få forsyningar fram til grenseforta

Folgrin inviterer gruppa til å slå følge med han til Fennas Drúnin, der han skal møte med byrådet, og der det moglegeins er meir gruppa kan gjere for å hjelpe folk i The Angle. Han har nemleg fått ord om at ein hær av Dunlendings og Hillmen har samla seg for å invadere The Angle. Feredir og Bragol ser umiddelbart viktigheita av å informere Rivendell, og Bragol og Baran skil veg med resten og rir mot Imladris for å rapportere.

Hobbiten Jack Fleetfoot blir takksamt med på reisa; han har mista alt han hadde i Reedhaven, og har ikkje grunn for å bli. Han skjønar at det kan løne seg å affiliere seg med desse brokete ferdamennene.

Langs vegen er det tydeleg at folk er rastlause og redde for invasjon; store folkegrupper valfartar til byen. Ein heil teltlandsby har dukka opp utanfor byen, og I Fennas Drúnin forlét han dei for å møte rådsmannen Paetric, og bed følgjesveinane ta inn på eit vertshus. Det visar seg fort at det einaste vertshuset som har ledige rom er The Oak Grove, som også er det dyraste i byen. Ferdamennene avanserer målretta mot døra, men vert stoppa av ein hoven dørvakt, som bastant erklærer at dette ikkje er staden for slike som dei. Feredir lest som om han er djupt indignert, og speler adelsmann som har vore på ei lang reise, men det er ikkje skodespelet som overtyder vakta, men sølvbrosja av ei sekstagga stjerne i ein sirkel – symbolet for ferdamennene – i jakkeslaget til Feredir. Sjølvsagt er slike velkomne!

Inne i vestibylen vert dei ønskte velkomne av husfrua – Jayelle. Ho ordnar raskt med å innfri ønska deira: varmt vatn i badehuset, noko å fortære, og ein god skreddar. Etter eit bad let dei alle seg måle opp, og brukar sine nytente midler på nye antrekk. Beoraborn og Feredir går for lekre men sterke og bruksvenlege antrekk (Feredir i sannheit berre nye klede identiske med dei han har frå før av, dog i mykje betre kvalitet), sjølv om Beoraborn flottar seg med sølvtrådbroderi av eit tohandssverd på ryggen. Jack oppfyller ein kvar potensiell tjuv sin våte drøm, med ei svært så omfattande kappe med eit utall skjulte lommer, og resten i praktisk og fasjonabel, men diskret, stand. Salabon, derimot, som sidan dei ankom ein faktisk by har høglytt presentert seg som Nestaron Mistion av Det talte ords selskap, trer fram i eit kostyme verdig ein høgbåren påfugl, komplett med kvit lækjarkutte. Etter at dei tre andre er ferdige med å ta veddemål for kor fort desse kleda vil vere øydelagte av livsstilen gruppa fører – over Salabon sine protestar om at “nokon” fekk han til å reise frå alle klesbytta hans i Bree – får dei ord frå Folgrin og Paetric om å møte rådet.

Dei ankomer med stil, og vert introduserte for Paetric og rådet. Ein hær har mønstra frå Rhudaur beståande av Hillmen, Dunlendings, Menn frå Sør og Easterlings. Det har alltid vore grensedisputtar i The Angle, men sjedan har ein så stor hær mønstra. Rådet har sendt karavaner med forsyningar til grensefortene, men desse har blitt raida, og det er imperativt at forsyningar når fram før eit eventuelt storåtak. Dei har høyrd gjetord om gruppa si løysing på ulveproblemene, og bed dei difor mønstre på som karavanevaktar, og sørgje for at karavanen kjem fram til forta Thuin Boid og Harnalda. Før ferdamennene får svart, tilbyr rådet det 50 gullstykke i løn, 25 no og 25 ved ankomst i Thuin Boid. Feredir og Salabon vegrar seg for å ta i mot så mykje pengar (til Jack Fleetfoot sin frustrasjon), men vissheiten om kor mykje så mange pengar kan hjepa Ferdamennene sin sak gjer at dei motviljug takkar ja.

Etter ei god natts søvn seier dei farvel til den vakre Jayelle og dreg for å ta att karavanen. Karavanemeister Toryn leier karavanen beståande av ni fullasta vogner med våpen og forsyningar, med åtte karavanevaktar forutan dei fire ferdamennene.

Etter dagar på vegen har dei heile tida møtt ein strøm flyktande, som dei må unngå etter beste evne. Dette lukkast delvis ved å ha Feredir speidande timevis i forvegen i det låglendte terrenget. På den tredje dagen leier desse speidingane han til ein grunn dal som er ein perfekt åstad for bakhaldsåtak. Og sant nok, etter å ha sneke seg oppover åskammen kjem han over ei gruppe lærkledde Hillmen væpna med kastespjut og spjut. Han sender bud til Beoraborn ved hjelp av ei av dei tamme skjærene, og set seg ned for å meditere over best mogleg strategi. Godt skjult ved hjelp av si velkamuflerte, grå kappe kjem han seg så nær på Hillmennene at han ikkje berre kan lukte dei – han kan også høyre dei! Slik finn han ut at dette bakhaldsåtaket berre er ein avledningsmanøver; den er designa for å få karavanen til å setje opp farten, og falle i det reelle bakhaldet, i ein skog lengre langs vegen som karavanen er nøydd til å traversere. Feredir trekk seg attende, og gjer seg til å setje ut snarer og feller nedover åssida. Når Beoraborn kjem til unnsetjing får dei Hillmennene til å gå til åtak mot dei i nedoverbakken (ein vanlegvis vanskeleg forsvarbar posisjon), og som venta går fleire av dei i snarene, som gjer at dei to ferdamennene fort gjer ende på åtakarane, bortsett frå éin, som dei tek med seg attende til karavanen.

Diverre får korkje trugslar eller lovnadar om gull den fanatiske Hillmannen til å snakke; Feredir forbyr bruk av tortur. I staden krossfestar dei han til eit tre, og set ein kniv i treet innan rekkevidde, så han får ein sjanse til å overleve, sjølv om det kan ta dagevis å få seg laus. Men i det karavanen forlét staden oppdagar dei eit gruffult syn: Ein enorm flokk Crebain stig ned frå himmelen og fortærer den stakkars Hillmannen. Dette får dei til å innsjå at her er mørke krefter på ferde; det er kjent at desse onde fuglane er i Den onde si teneste.

Men lite anna val enn å måtte møte Hillmennene på slagmarka for å nå forta i tide, har i alle fall karavanen no fordelen med å kunne velje åstad for slagmarka sjølv. Feredir dreg i forvegen, og klarar å infiltrere skogen, der ein svært provisorisk reisverk har blitt reist. Han tel omlag eit snes fiendar, som utnummererer karavanevoktarane med to til ein. Feredir nyttar sin kunnskap om kamp til å velje den best forsvarlege posisjonen, ein liten åskam nokre steinkast frå skogen, og dei set vognene i forsvarsposisjon. Det går ikkje lenge før Hillmennene strøymer ut frå skogen, i det det tek til å snø tungt, noko som gjer det nærast umogleg å vurdere åtaket. Kampen blir hard og vond, med to falne karavanevoktarar, og småskadar på resten, men til slutt står dei sigrande attende, med eitt unntak. Den siste Hillmannen prøver desperat å slå ihjel den ubevæpna hobbiten Jack, som overraskar alle ved å ta knekken på Hillmannen med nevane aleine! Eit sigersbrøl spring frå alles lepper, og Jack Fleetfoot vert båren på gullstol med den nye økenamnet Helten frå Karavaneåsen.

Etter det feilslåtte bakhaldet klarar karavanen å nå Thuin Boid, til mykje godord og 25 gullstykke i beløning.

View
S01E12 - Wargs of the Angle, pt. 2
Der våre ANDRE heltar også får klaske litt rumpe.

Salabon og Beoraborn får høyre at ein liten hobbitgard er under åtak frå ulvar, og set av garde. Garden tilhøyrer Jack Fleetfoot, ein oppfinnar og bokseentusiast, som med hender og føter må slest mot ulvane medan garden hans brenn.

Dei to heltane dukkar opp i thegnens tid, og Beoraborn kastar seg mot ulvane. Ved hjelp av Beoraborn si tamme gaupe får dei til slutt slegen alle ulvane, men ikkje utan kostnad: Beoraborn vert brutalt biten i fjeset, og det eine auget hans er øydelagt.

Salabon gjer det han kan, men det er ikkje før helten Feredir dukkar opp, og brukar sine overlegne urtesankeevner at dei klarar å redde auget. Synet står ikkje til å redde – enno. Feredir veit om ein urt som veks i South Downs som burde gjere nytten, og dei blir einige om å leggje heimoverreisa den vegen.

Denne loggen kunne vore mykje meir omfattande og spennande om dei som faktisk spelte den tok initiativ til å skrive den sjølv.

View
S01E11 - Wargs of the Angle, pt. 1
Der våre heltar må sverd til hoggtann med ein flokk grufulle ulvar.

Gruppa kjem fram til The Angle og rir inn mot landsbyen Reedhaven. Dei ser at den er under åtak av ulvar, og sender hestane vekk medan dei sjølve spring til unnsetjing. Med ryggen mot elva ser dei ulvane vende av og storme mot dei. I slagsmålet vert Bragol alvorleg såra, men dei overvinn ulvane, og vender seg mot Reedhaven. Beoraborn bemerker at han aldri har opplevd ulvar oppføre seg slik, og at han ikkje kunne kommunisere med dei; det var som om sinnene deira var styrt av noko anna.

I Reedhaven dreg dei til vertshuset Frothy Tankard, der dei møter dvergen Folgrin, som tek seg av Bragol sine skader. Vertshuseigaren Dallo Point kan fortelje om at dei har slitt med ulveåtak over lengre tid, og at ein warg har blitt sett blant ulvane. Huntsman, the og Beoraborn forstår at det må vere denne onde skapningen som kontrollerer ulvane. Fleire har mista livet i åtak, mellom anna eit lite hobbitbarn. Gruppa skjønar at her er situasjonen ute av kontroll, og dei må gjere noko.

Etter å ha motteke ei substansiell beløning for ulvepelsane dei har med seg, for det er nemleg skotpremie på ulvane, kvilar dei for natta. Dagen etter vert dei svært overraska over å sjå Bragol så god som ny; kva enn Folgrin hadde i kruset ser ut til å ha gjort nytta. Dei vert einige om å dele seg – Feredir, Bragol og Baran dreg ut for å sjå etter sporteikn etter ulvane, medan Salabon og Beoraborn vert attende for å undersøkje meir i landsbyen.

Dei finn fort spora, og ser at ulveflokken på ein stad delar seg. Dei følgjer spora til den vesle dvergebyen Smallforge, som nyleg har vore under fånyttes åtak. Dvergane gjer dei det dei måtte trenge (til listepris), og ønskjer dei lukke til.

Etter å ha spora ulvane lenge, oppdagar brått dei tre at dei har gått for langt; dei har kome rett på ulvane sin kvilestad! I buskane lurar illsinte ulvar, og ikkje langt unna kan dei sjå resten av flokken, og wargen! Dei gjer kål på dei næraste ulvane, og spring for livet attende mot skogen dei kom ut frå. Dei kastar seg opp i det beste treet dei kan finne, idet ulvekjevar glefsar saman under dei: dei er utnummerert og omringa.

Desperat tenner dei på nokre brannpiler og byrjar skyte ulvar. Då kjem wargen fram. Men før utysket får handla set Feredir ei pil tvers gjennom hjertet på den, og udyret er daud.

Med eitt svinn magien som fangar dei andre ulvane sine sinn hen, og eit snes forvirra, redde ulvar glefsar etter kvarandre før dei vender om og forsvinn.

Heltane er i ekstase, men hugsar på å brenne levnigane etter wargen; den kan vere vandaud, og Bragol forklarar at vandaude ting ofte kan vende attende, sjølv om dei har blitt dekapitert og øydelagt.

Dei vender nasen attende.

View
S01E10 - Trouble in Tharbad
Der våre heltar hamlar opp med ein gjeng bandittar som har slått seg til i ruinene til den gamle handelshovudstaden.

I det gruppa skal avgarde tek Bragol Thriawath | Bragol dei igjen; han har fått beskjed om at dei trengs i The Angle, og at det er rykter om vargar der. Huntsman, the insisterer på at det er hans plikt å sjekke ut Greenway, for han er nok i unåde med Agarwaen som det er. Bragol legg fram at den beste vegen til The Angle naudsynt er langs Gwathlo, og at båe oppdraga kan gjennomførast samstundes.

Beoraborn, Bragol, Salabon, Baran og Feredir rir difor sørover mot Tharbad. Ved hjelp av fuglar oppdagar dei ei gruppe bandittar som har slått seg ned i ruinene, der dei planlegg å terrorisere reisande. Gruppa brukar kløkt til å gjere kål på motstanden, utan å drepe bandittane. Bragol fangar leiaren ved hjelp av magi, og overtyder ho til å bli hans agent i Bree, utan at dei andre får dette med seg. Han kjem tilbake og latar som om ho slapp unna, og får mykje pes frå dei andre for å ha lete ei kvinne sleppe unna.

Dei lét som om Bragol er ein magikar som legg ein forbannelse på dei; dersom dei ikkje brukar byttet dei har fått så langt på å bli lovlydige borgarar vil ein ulvedemon oppsøkje og ete dei. Bandittane er livredde, og rømer så fort dei får sjansen. Feredir sender Thingol etter dei for å jage dei nokre dagar, heile tida like utanfor rekkevidde, slik at dei ikkje skal vere sikre på om dei verkeleg BLIR jaga av eit udyr eller om det er fantasien.

Deretter legg gruppa på veg oppover Gwathló for å etterforske problema i The Angle.

View

I'm sorry, but we no longer support this web browser. Please upgrade your browser or install Chrome or Firefox to enjoy the full functionality of this site.