NPC Ancalagon

Feredir's tame weasel

Description:

Røyskatt
20 cm lang kropp, 36 cm frå snute- til haletipp
190 gram
1 år gamal

Level: 2
#/Enc: 1-2
Size/Crit: S
Speed: MF/VF
Hits: 30
Armor Type: SL/3
Def. Bonus: 50
Attack 1: 40 SBi
Attack 2: 40 TCl

Bio:

Ancalagon (“Swift Jaws”) er Feredir sin tamme røyskatt. Han vann den i eit kortspel på ei tvilsam kneipe utanfor Fornost Erain på veg attende til Bree etter å ha fullførd si siste ferding. Ancalagon var eit ungdyr, og lot seg raskt trena opp.

Røyskatt

Røyskatten har ein lang, slank kropp (16–29 cm). Hovudet er smalt og langt, men sjølve snuten er kort. Halen er lang. Bakbeina er vinklete og mykje lengre enn frambeina. Hannen kan vega 170–200 gram, hoa berre 80–90 gram. Totallengda for hannen er om lag 37 cm og for hoa om lag 31 cm. Halen er om lag 10 cm. Røyskatten kan bli 8–10 år gammal.

Røyskattungar er nysgjerrige og kjem lett innpå folk. Røyskatten er spesialist på å fanga smågnagarar, men han tek også andre smådyr, fugler og egg. I overskotssituasjonar hamstrar han, og det er kjent at røyskatt kan stela mat eller andre ting frå kjellarar og liknande, og lagra det. Tilfeldig kan røyskatten ha leie i steingjerde, røyser, urer, seterhus og båtnaust. Om vinteren lagar han eit bol som han kan halde til i. Slike bol finst også på open mark, særleg på stadar der snøen fyk saman i fonner, og i forlatne hus. Vinterbolet blir bygd på same måten som ynglehiet, gjerne av tørre strå og fóra med hår og skinnfiller av smågnagarar.

Sommarpelsen er lysebrun med kremgul underside og vinterpelsen, som også blir kalla hermelin, er kvit. Halen er svart heile året. Røyskatten kan forvekslast med den nærskylde snømusa, men snømusa er mindre og har ein kortare hale som er kvit om vinteren. Sommardrakta til å visa seg i mars. Den raudbrune fargen kjem først til syne oppå hovudet og ryggen. Drakta er ferdig i mai, og er matt raudbrun ovantil og på utsida av beina. Undersida er gulbrun eller gulkvit, men kan òg vera heilt kvit. Overgangen mellom oversida og undersida er skarpt teikna. Øyra har kvit kant, og haletippen er svart. I november byrjar vinterpelsen å gro fram. Dyret blir først kvitt på sidene, og i desember er vinterpelsen fullt utvikla. Vinterpelsen er oftast heilt kvit. Haletippen er svart.

NPC Ancalagon

Rangers of the North Hjarandr jbq